| LITT INFORMASJON OM
VÅGSLID GRUNNEIGARLAG Vågslid
Grunneigarlag vart stifta i 1968 og har som føremål å utvikle bygda, ivaretaka
naturressursane og leggje forhalda til rette for innbyggjarar og turistar. Laget er ein
samanslutning av åtte grunneigarar, som gjennom laget samarbeider på beste måte om
felles ressursforvalting og forsvarleg utnytting av området med tanke på jakt og fiske.
Laget har stått for utgjeving av Vågslidboka, ein 24 siders fiskeguide og dessuten
stått for alt lokalt arbeid i samband med Turkartet "Haukelifjell", som er
utgjeve av Statens Kartverk. På baksida av dette kartet kan ein finne mykje historisk informasjon,
turforslag osv.
Medlemmene i Grunneigarlaget samarbeider
om rydding av turstiar, istandsetting av bruer, søppelopprydding i naturen, oppfisking av
ørekryt og mange andre oppgåver som er til beste for fastbuande og turistar.
OM BYGDA VÅGSLID
Vågslid er øvste bygda i Vinje i Telemark, 800 m.o.h. ved E-134 over
Haukelifjell. Bygda er rik på naturopplevingar, har ein rekke overnattingsstader og
utleigehytter og har dessutan mengder med gode fiskevatn. Det er vidare flotte mogleghetar
for småvilt- og storviltjakt. Vinterstid
har bygda eit flott alpinsenter og har oppkøyrde turløyper både i lett og krevjande
terreng.
Når det gjeld turforslag, vil me i
tillegg til våre sider, referere til kartet "Haukelifjell", her er merka opp
løyperuter og det er forslag til turar.
Hjarteleg velkomen til Vågslid!
Helsing

Vågslid,
N - 3895 Edland |
Bankkonto:
2717.20.09692 |
Org.nr:
969 565 412 |
Internet
www.vaagslid.no |
|