ÅLMANNVEGEN:
Ulevå - Vågslid; 18 km; 7 - 8 timar.

Frå Haukeliseter Fjellstue
|
Gamal ferdselsveg mellom Aust- og
Vest-Noreg. God stig i ope og lett høgfjellsterreng med fleire alternative stigar ned til
Vågsli
URBØGLUPEN:
Frå Songavegen ved Trolldalen, til Songabrui; 7 km; 3 - 4 timar.
Lett tur på god stig nedover ein trong,
bratt og vill elvedal
VÅGSLID VILLMARK:
Fleire moglege løypeval. Du kan starte turen frå Arbuvollen, frå Vågslidvatnet eller
frå Eikeli. Vågslid er kjent for sin ville og flotte natur, sin frodige vegetasjon og
for sine elvar, bekkar og små vatn. Småkupert, men lett å ta seg fram.
Vågslid -
Botnestøylen - Vågslid
Vågslid - Eikeli
Vågslid - Fossen - Arbuvollen - Vågslid |
2
1/2 time
2 1/2 time
6 timar |
DALAKVÅMMI:
Rafdalsmoen - Dalakvåmmi - Vågslid; 12 km; 5 timar.
Middels krevjande tur i kupert terreng med
stor høgdeforskjell. Ved Dalakvåmmi (eit gamalt stølsområde) fortset løypa rundt
Dalakvåmnuten, eller ein kan krysse elva Bora og halde fram ned Gjøsløysdalen og ned
til Gjøsløys.
HAUKELIHEIA:
Vågslid - Haukeligrend; 10 km; 4 timar.
Framhaldet av Ålmannvegen. God stig i
delvis blanda fjellterreng, dels med fjellbjørk, dels over tregrensa. Somme våte parti.

Frå Edland går stigen til
Arabygdi
|
ARABYGDI-VEGEN:
Gardsteig (Edland) - Arabygdi; 8 km; 4 timar.
Gamal ferdselsveg. God stig i vekslande
terreng. Bratt stigning i byrjinga av turen og tilsvarande bratt ned på slutten. I
Arabygdi sluttar løypa ved den velkjende Urbøuri.
GJØSLØYSDALEN:
Skredustøyl - Gjøsløys; 7 km; 4 timar.
Turen går i eit av Vågslids flottaste
dalføre, langs elva Bora. Denne turen er rik på naturopplevingar. Fleire gamle stølar
fortel om tidlegare tiders stølsdrift. Stigen er svært tydeleg og er lett å gå. Ein
kan om ynskeleg take av ved Dalakvåmmi og gå til Vågslid forbi Kroktjønn eller over
Dalakvåmnuten.
GAMLELIA:
Tallaksbru (Haukeli) - Vadmark; 4 km; 2 timar.
Svært god stig, men bratt stigning i
byrjinga.
|