|
FISKEKORT FOR STANGFISKE
I Vågslid finn du fin-fine forhald for
sportsfiske, anten du fiskar med mark, spinnar eller fluge. Du kan gå i dagesvis, ja
faktisk i vekesvis, og stadig finna nye vatn å kasta sluken i. Kombinasjonen av
storslått natur, dyreliv, rekreasjon og fiskevatn, må berre opplevast!
Fiskekort kan kjøpast på alle turiststadene i
bygda! Ved kjøp av kort kan ein få Fiskeguiden gratis, med 24 sider detalj-informasjon
om dei einskilde fiskevatn.
Prisar:
Dagskort
Vekeskort
Årskort |
kr. 40,-
kr. 150,-
kr. 300,- |
I løpet av dei siste to år har det
vorte fiska ein mengde to og tre kilos aurar, og fisken generelt er i god kondisjon og har
fin størrelse! |