| SMÅVILTJAKT PÅ RYPE
OG HARE Langs ein strekning
på 18 km på begge sider av E-134, leigast ut småviltjakt i eit naturskjønt, flott
jaktterreng. Bestanden av fugl er veksande etter nokre år med lågare bestand.
Grunneigarlaget har derfor over ein periode redusert jakttrykket. Dette har vorte gjort
med kortare jakttider, restriksjonar på jakt med hund, reduksjon av sauebeite m.m. Det er
interessant at også harebestanden er veksande.
Jaktordninga er kvoteregulert ved at det
vert selt max. 5-6 kort pr. dag på 10.000 dekar.
Jakttider:
10.09. - 23.12.
Prisar:
Kr. 130,- pr dag (for eit areal på ca. 3000 dekar)
Tillegg for hund
BESTILLING AV JAKTKORT
Jaktkort kan bestillast her t.o.m. 1. august 2000
Innan ei veke etter
innsending av kort-reservering, vil du få svar om det er tilgjengelege kort. Du vil då
få bekrefta prisavtale, som du må akseptere før avtalen er bindande.
Det er også sal av kort på
Vågslid Høgfjellshotell, tlf. 350 70585
Vågslid Grunneigarlag har ei
tilbakemeldingsordning på korta, noko som gjer oss i stand til å kartleggja bestandsutviklinga. Denne
viser svært positiv utvikling. |